|
|
Eg hadde min oppvekst i Torsvik i dåverande Herdla kommune. Far var fiskar og var mykje borte og mor var heimeverande med oss 4 borna. Me dreiv eit lite småbruk - hadde ei ku, av og til ein kalv, nokre sauer og nokre høns. Måtte tidleg vera med på gardsarbeidet og hjelpa til med slått og alt som høyrde til. Me borna hadde det fritt og fint - var mykje ute i naturen. Eg likte å fiska frå land, noko som ikkje var så vanleg i den tida. Hugsar eg hadde tau med meg som eg batt om livet og i ein solid bolt i fjellet. Det var nemleg mykje straum på den fiskeplassen eg likte best og fekk mest fisk. Mange store fiskar drog eg med meg heim.
Hadde 1,5 km skuleveg til Toftøy skule der eg seinare skulle verta lærar sjølv. Me var 18 i klassen og dette var eit uvanleg stort kull. Var vel resultatet av gleda over at krigen var slutt.
På vår øy, Toftøy, er det 3 gardar (grender): Vik, Toft og Torsvik. Det var mykje kiving mellom desse bygdelaga. Fotballkampane mellom desse var blodig alvor.
 Toftøy skule
Framhald
|
|
|