”Holde hardt og aldri slippe” (2005)

Omslag: Rita Endestad / Elisabeth Vold Bjone
”Det er her det begynner. Det har alltid vært her og
kommer alltid til å bli det. Jeg sitter her og ser ut over skolegården, har
bestemt meg for ikke å rikke meg. Du veit det ikke, men det er deg jeg venter
på.
Jeg har tatt med meg en brødskive som er litt tørr, men det gjør ingenting. Man
kan ikke forlange for mye.
Dessuten er det ikke så viktig heller.
Det som er viktig er at jeg sitter her og du er der inne, og snart kommer du ut
og da skal jeg se deg, og bare synet av deg skal ta tak i magen min, brystet
mitt, og klemme til.
Jeg vil miste pusten.
Det er du som gjør at jeg mister den, og du gjør ikke annet enn å gå over
skolegården.”
(© J.W.
Cappelens Forlag a/s, 2005)
Fædrelandsvennen (27/9-05)
KOLSVART OM KAOSKREFTER
Ein sterk, djuptpløgjande,
roman.
Eg-personen er ein 17 år gamal gut, og han er fullstendig forheksa av Henne. Vi får ikkje vite kven ho er. Han har vore
svært langt nede psykisk. Viktigare er at han er på
full fart inn ei ny, og ekstremt alvorleg krise. Han
har ein handikappa bror, Marius. Han hadde
navlestrengen for lenge rundt halsen då han blei fødd, og sjølv
om han kanskje er den som best ser korleis det står
til med eg-personen, er det lite han kan gjere. I romanen følgjer vi eg-personen
gjennom fire døgn, inn i ei krise som, handlar om liv
og død.
Utetter i denne intenst dystre, ja, kolsvarte
romanen, misser eg-personen meir
og meir taket på den verkelege
verda. Verken han, eller vi kan etterkvart halde
greie på kva som er røyndom og kva
som går føre seg berre i hjernen hans. Når kaoskreftene i «eg» regjerer som
verst, nyttar forfattaren
layout som verkemiddel. Ord og setningar vert splitta
opp, det kjem iblant reine meiningsløyser inn i tankerekkene til eg-personen. Ein stad i
bakgrunnen finst ei Synnøve, etter alt å døme ein kvinneleg psykiater, men forfattaren let henne ikkje
sleppe til.
Kvifor denne romanen er presentert som ungdomsroman
må ein truleg vere tilsett i Cappelen for å skjøne.
Holde hardt og aldri slippe er ein
sterk, djuptpløgjande, roman som, meiner eg, blant
anna, bør lesast av vaksne
som arbeider med ungdom som har psykiske problem.
(Anmeldt av Bjarne Tveiten, © Fædrelandsvennen)
|
Materialet
på dette nettstedet er omfattet av åndsverkslovens bestemmelser. Det er lagt
ut for at du skal kunne lese det på skjerm (+ evt. andre tilsiktede
utnyttelsesmåter). Uten særskilt avtale med copyright-holderne
er enhver eksemplarfremstilling og tilgjengeliggjøring utover dette bare
tillatt i den utstrekning det er hjemlet i lov eller tillatt gjennom avtaler
med Kopinor, interesseorgan for rettighetshavere
til åndsverk. |