Elgjakta 2004
I år har det blitt ein del forandringer på laget, Reidar,
Knut Arvid og Ole Bertil er ikkje med, og i den forbindelse har me
fått inn to nye i laget.
Jaktlaget i år består av Ole Morten Vatland, Øyvind Træet,
Arne Rygg Drønen, Arne Børtveit, Tommy Fjelde, Tor Espen Helle,
Jon Bjarte Fjell, Steinar Boge og dei 2 nye som er Arnt Ove Yddal og Bjørn
Furre begge to frå Sagvåg.
Observasjoner gjort i sommar tyda på svært lite elg, i tillegg til dette fekk
me i år ei rekordstor tildeling på 13 dyr,
men 3 av dyra blei trekt ut og inn i ein bonus pott.
Eg har tidligare skrive periode 1, 2, 3 osv. dette betyr
ikkje at me har fleire jaktperiodar der me jakter,
men at det er dei periodane me reiser opp og jakter der me er.
25.09.2004
Me starta dagen med vårt standard drev, og i år som i fjor så fekk nokre i
posterekka nærkontakt med elg på veg ut til post.
Øyvind og Arnt Ove møtte på eit sykkelstyre, og Øyvind sto slik til at han
kunne løyse skudd mot den.
Stuten sto ei lita stund, før den raste ut. Etter å ha fulgt sporene ca. 100m
så gikk dei tilbake og tilkalte Bjørn med ettersøkshunden sin.
Etter 1 time var han på plass og han fulgte sporene ca 150m, og der låg den
stein dau, med eit perfekt lungeskudd.
Eit nytt drev blei kjørt i gang, og der oppdaga hunden til
Bjørn ei elgku, Bjørn brukte litt tid og kom seg til slutt så nær kua
at
han kunne skyta ho. Dessverre så hoppa kua utfor eit stup på 10m slik at mykje
godt kjøtt blei ødelagt.
26.09.2004
I dag var det tid for å ta vårt lange Jabu dabu drev. Her skjer da alltid
mykje, og me ser ein del dyr forskjellig plasser i terrenget.
Intet unntak heller denne dagen.
Ole Morten står på sin faste utkikk post og følger med kor dyrene går, då
ei lita ku kjem tusslande forbi han. S
likt kan ikkje ende godt, og elg nr. 3 er i boks.
Samstundes så følger postrekka med på ein elg familie med ein fin okse som står
oppi fjellsida framfor dei.
Drivarane begynner etter kvart å komma fram til disse dyra, og fekk dei så i
gange. Etter ei stund spring oksen fram mot posten der Arnt Ove står.
Det mest imponerande her er då Arnt Ove kjem inn på jaktradioen og seier : no
kjem han, eg får sjå kva eg får til”
Det er ikkje det første eg tenker på å sei når ein stor okse kjem mot posten
min, men dei andre blei no i alle fall informert
om kva som kunne skje.
Og smellet lot seg ikkje vente, ein flott 11 tagger på 260 kg vart det for
debutanten på elgjakt.
27.09.2004
Dette vart ein jobbe dag, elgtrekkeren måtte repparerast, og 3 dyr frå dagane
før låg ute i terrenget og måtte transpoterast ut til slakteplass.
Me sendte to karer ned i bygda for å kjøpe ein gammel elgtrekker for å ta
deler frå den, mens dei andre fekk ut kua til Bjørn frå fyrste dagen.
Etter det så var trekkaren repparert og kunne henta ut dei to dyra frå i går.
28.09.2004
I dag tok me oss ein tur i heimaskogen, det er lenge sidan me har skutt dyr i
dette område så me hadde ikkje den heilt store trua på dette.
Men allerede tidlig i drevet så kom Øyvind over ei kvige inni skogen og vårt
dyr nr. 5 vart førte seg inn i statistikken vår.
Me gjekk vidare til neste drev, og mens postrekka ble sett ut så prøvde ei
kvige å snike seg forbi alle disse jegrane,
men den gjekk då rett i fanget på Tommy som då var satt av på post, og han
lot seg ikkje be to ganger.
Drivarane starta så drevet og fekk nærkontakt med
fleire dyr, men da typiska skjer då elgen stiller seg opp med eit tre
midt framfor bogen, slik at den ikkje kan skytast.
Men Tor Espen kom over eit sykkelstryre og satte så punktum for vår fyrste
periode av jakta med å skyte dyr nr. 7
Den pessimismen som rådde dagane før jakta var no snudd
til det stikk motsatte, aldri før hadde me hatt ein betre
start på elgjakta enn det me har fått i år.
Denne dagen skaut Andre Fjelde i ku, historien bak dette kjenner eg ikkje til, så
den får nokre andre skrive om.
8.10.2004
I dag skaut Steinar eit sykkelstyre og Øyvind tok ein 7 tagger, men også her må
me venta litt på historien sidan eg ikkje deltok.


