Double dummy
Dei fleste har vel vore bort i reverse dummy ein eller annan gong. Men i
dette spelet fekk eg oppleve double dummy.
Motparten åpna og støtta i kløver, men eg vart speleførar i 4 hjerter i aust.
Syd spela ut kløver 4 og makker la ned korta
sine. Kva nord tenkte på veit eg ikkje, men også han ville vere blindemann. Før
fadesen vart oppdaga, hadde han lagt ned
6 kort, dei to små hjerter og dei fire høgste kløvrane. Tevlingsleiar vart
tilkalla til ei litt lattermild forsamling, og han fekk
forklaring på kva som hadde skjedd. Dermed skjedde det utrulege: Det skulle
ligge 6 - seks - straffekort i bordet. Reglane
vart forklart og spelet vart dermed nokså uinteressant. 11 stikk var kun eit for
mykje meinte motparten. Men det ville fort
blitt beit med "normalt" motspel, kløver til esset og ruterskift.
| Rundenr 4 | ª 953 | ||
| Spillnr 23(23) | © 63 | ||
| Giver: Syd | ¨ Q82 | ||
| Sone: Alle | § AJT85 | ||
| ª KQT8 | ª J74 | ||
| © Q7 | © AKT852 | ||
| ¨ A653 | ¨ T94 | ||
| § 732 | § Q | ||
| ª A62 | |||
| © J94 | |||
| ¨ KJ7 | |||
| § K964 |