4H
i eit nøtteskal
4H
er ein av dei aller største barne- og ungdomsorganisasjonane i
verda. Han starta i USA for 100 år sidan, og finst no i meir enn 80
land. 4H er organisert i klubbar, ordinær medlemsalder 10-19 år,
men det er høve til å vera med lengre. Dei 4 H-ane står for klårt
hovud, varmt hjarte,
flinke hender og god helse
- m.a.o. aktivitetar for heile
mennesket.
Formålsparagrafen er "å utvikla ein arbeidsglad og
samfunnsengasjert ungdom med ansvarskjensle og respekt for dei
naturressursar som dannar grunnlaget for livsvilkåra våre".
Grunnlaget for organisasjonens arbeid er i bygdenæringene og i
lokalmiljøet. Det er om lag 18 000 medlemmer og 700 klubbar over
heile landet, og 4H er ein av dei få organisasjonane som har notert
vekst dei siste åra. Rogaland er blant dei tre største 4H-fylka i
landet med 1500 medlemmer og 43 klubbar.
Kva
er spesielt med 4H?
Det
er ikkje lett å forklara på få linjer kva som er spesielt med 4H
- det er mange særdrag med denne organisasjonen. Noko kan likevel
nemnast.
- Klubbar
for ungdom, drivne av
ungdom
Den
einskilde 4H-klubb drivast av ungdom sjølve. Det sit eit klubbstyre
på årsbasis, valde av på demokratisk vis. I styret sit leiar,
nestleiar, sekretær, kasserar og styremedlemmer. Det er soleis
ungdommane sjølve som planlegger aktivitetane ein skal gjera
gjennom året, dei har ansvar for økonomi og budsjett, møtereferat
etc. (4H i fylket tilbyr kurs i dei forskjellige verva, og møte- og
kassabok er pedagogisk lagt opp og tilpassa 4H-arbeidet.) Dette er
med på å auka kjensla av at dei sjølv bestemmer og at ikkje
"dei vaksne" i for stor grad blandar seg opp. I tillegg
gir det nyttige erfaringar om samarbeid og demokrati i praksis. Dei
vaksne er med berre som medhjelparar.
I
4H legg ein vekt på fagopplæring gjennom praktisk arbeid -
prinsippet om "å læra ved å gjera". Dette gjer ein
mellom anna ved 4H-prosjekta.
Kvart medlem vel kvart år eit prosjekt som han/ho arbeider med
gjennom eit år, med hjelp av ein vaksen prosjekthjelpar. Det finst
meir enn 80 forskjellige prosjekthefte å velja mellom innanfor ei
rekkje forskjellige emne. Mange av desse egnar seg for samarbeid og
for å starta små "bedrifter". Prosjektarbeidet
avsluttast på den årlege haustfesten,
kor medlemmene stiller ut arbeidet sitt. 4H tilbyr òg fagleg opplæring
på det svært populære årlege storkurset
i regi av fylket. I år var det meir enn 300 deltakarar frå heile
Rogaland.
4H-prosjekta
heng saman med 4H-programmet. Når prosjektet stillast ut på
haustfesten, får medlemmen det godkjent viss ein har gjort det
ferdig. Då får han/ho eit merke av ein utsending frå fylket. Det
er altså eit bestemt merke for kvart år. Som aspirant
får ein 10- og 11-årsmerke. Som junior
får ein bronse-, sølv- og gullmerke. Som senior
får ein fagskjold i bronse, sølv og gull. Endeleg får ein
4H-plaketten når ein har fullført 7 år. (Det er likevel fullt
mogleg å bli medlem i 4H sjølv om ein er eldre enn 10 år - å
fullføra 4H-programmet er ikkje noko mål i seg sjølv.)
4H
er religiøst og partipolitisk nøytral. Organisasjonen er soleis
open for alle, noko som er spesielt viktig i eit meir fleirkulturelt
samfunn. 4H verkar dermed inkluderande når det gjeld menneske med
"framandkulturell" bakgrunn - dei aller fleste kan seia
seg einig i 4H sin formålsparagraf. I tillegg vil mange kjenna til
organisasjonen frå sitt opprinnelege heimland. (I Finnmark finst
det ein 4H-klubb driven av asylsøkjarar.)
4H-medlemmene
kan delta på ei rekkje forskjellige arrangement. Forutan vanlege
klubbkveldar og anna som kvar klubb steller i stand, finst det
leirar på fylkes- lands- og nordisk nivå. Vidare tilbyr ein
forskjellige faglege kurs og kurs i styrearbeid. Ein kan besøka
4H-gardane og stella til arrangement der. Sist, men ikkje minst har
ein haustfesten - den tradisjonelle avslutninga på 4H-året kor
medlemmene stiller ut prosjekta sine, det serverast mat, og det er
ein masse underhaldning. Det er eigentleg berre fantasien som set
grensar for kva kvar klubb kan finna på!
4H
er ein internasjonal organisasjon, og medlemmene kan delta på 4H
sitt utvekslingsprogram. Då bur dei hos ein eller fleire
vertsfamiliar opp til eit halvt år om gongen. Dette er utan tvil
ein framifrå måte å knyta band over landegrensene og læra andre
kulturar å kjenna frå innsida.
|