Tilbake til start
Sidan Robert og Anne Marit har halde på å pusse opp kjøkenet, har dei (altså vi) ete ein del middagar på restaurant den siste tida. For at dette ikkje skulle vere heilt bortkasta, har vi bestemt at vi skal dele restauranterfaringane våre med andre. Difor har vi laga denne restaurantvegvisaren, som inneheld dei restaurantane vi har vore på og som vi samtidig har hugsa å analysere. Dersom nokon sit inne med idéar til andre stader vi kan gå og ete middag for ein billig penge, tek vi gjerne imot tips.
No har vi flytta til Bergen, så vi sjekkar ikkje så mange restaurantar i Oslo lenger. Sida vi er ferdige med Oslo, er det kanskje på sin plass med ei oppsummering:
1. Cafe Sara: Tyrkiske grillrettar og koseleg lokale. Vi likar oss godt her.
2. Punjab Tandoori: Billeg indisk mat på Grønland.
3. Kaffistova: Raspeballar på torsdagane! Treng vi seie meir? Du får velje tilbehør sjølv: rømme, sirup, mjølk, kefir, you name it. Litt dyrt, men vi likar nynorskprofilen.
|
1. Kaffekompaniet på Carl Berners plass. Her likar Robert å sitje og sjå på trafikken.
2. Nummer to kjem snart. Eg må berre gjere litt andre ting først. Studere og slikt.
|
Kaffistova ved hotell Bondeheimen. Favorittplassen til R & AM for raspeballar på torsdagen!
Cafe Isabella på Ila. Tyrkisk mat og stor uteservering.
Sofies Café på Grünerløkka. God trerettarsmeny.
Hagestuen på Tøyen. Litt brun pub med god mat. Nær jobben til Robert.
Justisen ovafor Youngstorget. Stamplass for gamle AUF-arar.
Soria Moria på Torshov. Ein god plass å ete før ein skal på kino.
Café Stationen på Vossevangen. For alle som likar tog!
Gloria Flames - pannekaker på Grønland, med uteservering.
Jordal Bistro på Vålerenga, like ved Jordal Amfi.
Divan, Torggata ved Youngstorget. Billeg, indisk mat.
Punjab Tandoori, Grønland. Ekstremt billeg, indisk mat.
Viva Napoli på Alexander Kiellands plass. Italiensk.
Flamenco Pizza på Karl Johan. Pizza.
Den Gode Café på Hammersborg. God mat i store porsjonar.
|
Sommaren 2004 var Robert og Anne Marit i København ein veke. Her er nokre av restaurantane/pubane vi var på.
1 = grusomt dårleg
2 = klanderverdig
3 = under middels
4 = OK
5 = bra, dette kan vi tilrå andre og oss sjølve
6 = så bra at vi vil bli verande og aldri forlate denne plassen
|
| |
|