Neste: 4.2.1 17. mai og Opp: 4. Eigne teltturar. Forrige: 4.1 17. mai på

Teltliv


4.2 Gaustatoppen i mai

Med eit lite opphald mellom eksamane såg eg ein moglegheit for å kunne ta meg ein fjelltur. Datoen var altså bestemt nokre månader tidlegare, nesten heilt utan vêrforbehald. Eg kunna reise tidlegast torsdag ettermiddag altså 16., og måtte vera tilbake seinast måndag 20. Kor eg skulle reise var derimot litt mindre sikkert. Dersom vêrmeldingane vart brukbar hadde eg stor hug for ein tur til Gaustatoppen, der var det derimot litt usikkert om vegen var open så tidleg. Med litt varierande vêr dei siste dagane før avreise, satte eg min lit til langtidsvarselet som meldte strålande fint med sol 17., litt meir overskya, men fortsatt noko sol laurdag og sundag, men litt meir usikkert måndag. Ei anna melding eg snappa opp, var at vegen mellom Tuddal og Rjukan skulle opnast 16. Det var altså bare å få kjøpt seg eit kart og pakke sekken. Eg visste kva for eit kart eg skulle ha, 1614IV i M711-serien, men i bokhandelen var desse karta sortert alfabetisk etter navn. Eg visste derimot ikkje kva kartet heitte, men kunna sjølvsagt tippe på Gaustatoppen som ligg midt på kartbladet og leitte derfor under «G». Eg fekk leite ei lita tid, for kartet heiter Rjukan. Så var det å pakke sekken.




Neste: 4.2.1 17. mai og Opp: 4. Eigne teltturar. Forrige: 4.1 17. mai på
Valid CSS! Valid HTML 4.01! ©Asle Feten (Heimeside) (e-post)
2009-03-05