Neste: 3.1.4.1 Shackleton 1907-09
Opp: 3.1 Reise- og turskildringar
Forrige: 3.1.3.3 Petter Wessel Zappfe
I utforskninga av Antarktis og i kampen om sjølve sørpolen, har det vorte mange overnattingar i telt, og det er særleg 3 navn som er uløyseleg knytt til kampen om sørpolen: Robert Scott, Ernest Shackleton og Roald Amundsen.
I 1897 reiste ein belgisk ekspedisjon sørover med skipet Belgica under leiing av Adrien de Gerlache. På mannskapslista stod blant anna Roald Amundsen og Frederick A. Cook. Cook hadde erfaringar frå Grønland frå ekspedisjonane til Peary (kapittel 3.1.2) og skulle verta viktig i utforskinga av Antarktis, sjølv om han sjølv aldri reiste sørover meir. Skipet fraus inn i isen fyrst i mai 1898 og var fanga i isen eit heilt år før det slapp laus att. Ekspedisjonen vart på denne måten, heilt ufriviljug, den fyrste til å overvintre i Antarktis. I løpet av vinteren vart Amundsen godt kjent med Cook, og lærte masse av erfaringane hans.
Fyrst i kappløpet mot polen var den britiske Discovery-ekspedisjonen under leiing av Scott. Shackleton var eit av medlemma på den turen. Samarbeidet dei mellom var ikkje særleg godt, noko som endte i eit livslangt uvenskap dei i mellom. Turen gjekk sørover i 1901, med overvintring i McMurdo-sundet. Dette sundet skulle seinare verta fast base for fleire britiske ekspedisjonar. 2. november 1902 reiste Scott, Shackleton og Edward Adrian Wilson og eit hjelpelag sørover. 15. november snudde slutten av hjelpelaget nasen nordover att. Etter mykje problem med snøblindheit, skjørbuk, dårleg trena hundar og dårleg hundemat, måtte dei tre snu 31. desember, då hadde dei nådd 82°17' sør. På turen nordover att, mista dei nesten ein hund kvar dag, og dei slapp til slutt laus resten av bikkjene og byrja å dra sledane sjølv til fots. Shackleton vart etter kvart så dårleg av skjørbuk at heller ikkje han var i stand til vera med å dra, men heller måtte sittja på lasset. 3. februar var dei endeleg attende til vinterkvarteret etter 93 dagar ute. Shackleton vart sent heim med eit unnsetningsskip, medan Scott og det meste av mannskapet gjorde enno ei overvintring.
I 1903 gjorde Scott ein fottur vestover, opp Ferrarbreen og inn i Sør Victoria Land. Etter at dei hadde snudd var det kampen mot tida, mangel på mat og brensel og snøblindheit. Etter å ha drege sledane 1150 km i løpet av 59 døgn, var dei attende ved vinterkvarteret. Denne sumaren fekk dei laus att Discovery som var hadde frose fast i isen fyrste hausten, og kunna reise heim.