Neste: 2.4.20 September 2000
Opp: 2.4 20 turar på
Forrige: 2.4.18 Juli 2000
Etter ein telttur fredag ettermiddag til utpå kvelden laurdag, var eg klar for å ta ein tur på skarvet sundag. Eigentleg var ikkje vêrmeldinga så veldig opplyftande, det var derfor teltturen enda laurdagskvelden. Men vêret såg ikkje så aller verst ut om morgonen, så eg bestemte meg for å ta ein tur til fjells. Medan eg ordna meg til, ringte Guri frå Slettan og fortalde at dei hadde nokre småproblem der. Eg bestemte meg derfor for å stikke innom der før eg gjekk nokon tur. Vêret i fjellet var derimot meir liknande det vêrmeldinga hadde fortald om, så eg var glad for at teltturen var over. Eg vart sittande på Slettan ganske lenge, så eg forsto at det ikkje kom til å verte nokon tur på skarvet. Då eg reiste frå Slettan, køyrde eg på Lauvdalen, for eg var bestemt på at eg i alle fall skulle gå ein tur. Eg parkerte utanfor grinda. Då bles det så kraftig at bilen gynga. Ettersom skarvet var det opprinnelege målet for dagen, vart det til at eg gjekk oppover i fjellbakkane. Like før eg starta frå Slettan kom det ei kraftig regnskur, men no såg det litt lysare ut så eg trossa vinden og gjekk. Vinden vart ikkje betydleg sterkare ettersom eg kom opp i høgda, så det var ingen grunn til å snu så fort. På toppen av skarvet var det sjølvsagt surt, men i ly av varden kunna eg riktig kose meg nokre minutt, men då tjukna det till att, så eg bestemte meg for å koma nedatt før eg vart altfor blaut. Det som kom av ovabår, kom som snø, så eg vart ikkje blaut.