Neste: 2.19.3 Norddalshøgdi Opp: 2.19 Nordfjella på tvers Forrige: 2.19.1 Nærøyfjorden og Frønningen

Nordfjella


2.19.2 Aurlandsvegen

Eg vakna til omlag same vêr som det var kvelden føre. Skodda låg fortsatt i toppane. Temperaturen var også høveleg for å gå. Eg la i veg på den stigen som var teikna på kartet. Der høgspentlinja gjekk litt oppe i dalsida, gjekk stigen ned i Kolarbotnen. Stigen kryssa Kolarselvi. Det såg ut til å ha vore ei bru der tidlegare. No viste det bare restar av nokre stokkar. Eg var ikkje mykje huga på å vade den flaumstore åna. Ettersom eg likevel skulle følgje dalen oppover, fann eg at det var like greit å gå på nordsida av åna. Det er alltid eit håp om å finne eit betre vad lenger oppe der vassføringa er mindre. Eg hadde lagt merke til at skydekket stadig har vorte tettare, og no kjente eg at det byrjar å regne. For å halde sekken turr, tok eg fram fjellduken og tok han over meg som ein poncho. På denne måten kan eg gå utan jakke. Med bare ei tunn trøye under fjellduken, vart ikkje fuktigheita innanfrå noko problem. Eg fann eit høveleg vad og kom meg over Kolarelvi. Vidare oppover mot Erterhaugvatnet, fulgte eg delvis stigen, og delvis fann eg lei på eiga hånd. No var det samanhengande regn og skodda vart stadig tettare, så kompasset måtte fram for å halde retninga. Frå linjehytta ved Erterhaugvatnet, var anleggsslepa meir tydeleg att. No prøvde eg å følgje denne slepa. I den tette skodda, hjelpte det mykje å kunne følgje slepa, sjølv om ho var vanskeleg å følgje der ho forsvann under lange snøfenner.

Ved Soleibakkvotni såg eg nokre stangfiskarar i regnvêret. No forstod eg at eg nærma meg vegen. Der anleggsslepa gjekk over til å vera ordentleg veg, var det ein liten parkeringsplass. Snøfennene på vegen hit var nyleg åta, så denne vegen vart gjerne åpen seinare på hausten. Her svinga eg mot Reinshyllene og tok meg ned bakkane mot Snøvegen.

Her skjedde det som ikkje må skje når ein er åleine på tur2.18. På eit glatt berg, glei den høgre foten slik at eg datt på baken i stor fart. Den venstre foten vart klemt under den nevnte baken. Det gjorde uhyggeleg vondt, og då eg prøvde å reise meg att, kjente eg at foten ikkje var til å stå på. Tankane for korleis eg skulle koma meg herifrå byrja å svirre i skallen min. Heilt håplaust kunne det jo ikkje vera, for eg såg jo vegen der turistane for forbi. Eg satte meg ned att og tok av meg støvelen. Åkla var hovna opp, men det var ikkje noko misfarging som i så fall ville tyde på blødningar. Eg kjente godt etter om eg kunne kjenne lause bein inni der, men eg kjente ikkje nokon slike heller. No måtte eg prøve å karre meg ned til vegen. Eg tok på meg att støvelen og knytte så stramt som eg greide. Dette stiva opp foten så pass at det bare var tyngda mi som gjorde at det var vondt å trø på foten, det var ikkje vondare når eg skulle gå også. Staven som eg hadde med meg for å bruke til vading, kom verkeleg til nytte. Då eg endeleg kom ned på vegen, såg eg at turistane stort sett hadde fullpakka bilar, det ville ikkje vera lett å få haik. Mobiltelefonen vart teke fram, men til inga nytte. det var ikkje signal å få. Eg måtte altså prøve litt lenger oppe. Eg kjente at dei fyrste stega etter denne vesle pausa, ikkje var så vonde som det hadde vore, men smertene kom raskt attende. Etter fleire nyttelause forsøk med telefonen, kom eg forbi flyvotni. Her måtte eg gjera eit valg. Dersom eg skulle fortsetje turen, måtte eg svinge austover på nordsida av vestre Tissedalsskavlen. Dersom eg skulle hentast, måtte eg fortsetje vegen.

Staheita i meg avgjorde. Eg prøvde meg på å fortsetje turen. Det kan høyrast ut som ein gal manns valg. Å leggje ut på ein 6mils tur med ein fot som ikkje var til å trø på, ville kanskje gjera faren stor for at eg måtte hentast med helikopter. Det ville i så fall vera eit mykje større nederlag for meg, enn å verta henta ved vegen. Nei, planen min var at eg skulle gå eit lite stykke, slå leir, og så vurdere det heile dagen etter. Eg var forberedt på vendereis.

Eg fann ein stig som eg fulgte oppover. I skodda var det avslappande å kunne følgje ein stig. Eg visste riktignok ikkje kvar stigen ville føre meg, men eg rekna med at faren for å gå i ring ikkje var like stor. Eit stykke frå vegen, passerte eg ei dyregrav. Det var så grått at eg ikkje gjorde noko forsøk på å fotografere. Eit stykke lenger, passerte eg endå ei dyregrav.

No byrja lendet å gå nedover att. No var eg redd for at eg var i ferd med å nærme meg Tissedalsvatnet. I følge kartet skal det vera bratt ned til vatnet på sørsida, og truleg ei bratt snøfonn. Altså ein plass eg ikkje hadde lyst til å koma borti i skodda. Kompasset viste også at kursen var langt meir nordleg enn eg likte. Eg la kursen søraustover for å vera sikker på å koma opp på Tissedalshøgdi. Det vart ei bratt oppstigning som ikkje var god med tung sekk og ein vond fot, men eg kom opp, og terrenget flata endeleg ut att. Då eg kom til ei større snøflate rekna eg med at det måtte vera tjørnet som har fått høgda 1528moh på kartet. Eg passerte tjørnet med trygg avstand på nordsida før eg la kursen aust-søraust.

Til mi store overrasking, gjekk eg forbi ein liten varde, og endå ein liten varde viste seg i skodda framom meg. Heilt tilfeldig kunne ikkje desse vardane vera plassert. Eg rekna med at dei stod der for å vise veg mot eitkvart. Det var ikkje usannsynleg at dette kunne vera Norddalshelleren, i så fall ville det vera kjekt om eg greidde å følgje vardinga. Fleire stader var snøfennene større enn skodda tillot meg å sjå, så eg missta vardinga. Men stadvis fann eg ein varde att og var forhåpentlegvis på rett veg.

Eit lite bel letta skodde litt så eg fekk auga på Norddalsvatnet. Dette var heilt islagt, og eg såg det bare som ei stor snøflate. Så la skodda seg like tett att.

Ved 7-tida fekk eg svar på kvar vardane leida meg mot. Då dukka ei lita jakthytte opp nokre meter framom meg. Eg var ved Norddalshelleren. I følge kartet, skal det liggje 3 hytter her. Men i skodda såg eg bare denne eine. Ettersom det likevel ikkje ville vera lenge før eg måtte sjå meg om etter leirplass, og denne hytta var åpen, valde eg å overnatte i hytta. Hytta var ikkje større enn ei hytte må vera for å få plass til eit bord og senger på kvar sida av bordet. Men dette var etterlengta luksus for meg i regnvèret.


Neste: 2.19.3 Norddalshøgdi Opp: 2.19 Nordfjella på tvers Forrige: 2.19.1 Nærøyfjorden og Frønningen
Valid CSS! Valid HTML 4.01! ©Asle Feten (Heimeside) (e-post)
2009-03-05