Neste: 2.19.2 Aurlandsvegen
Opp: 2.19 Nordfjella på tvers
Forrige: 2.19 Nordfjella på tvers
Bussen gjekk frå Hagafoss halv ni. Det var lågt skydekke og litt regn på turen over fjellet. Vêrmeldinga for den neste dagane gav meg i beste fall håp om litt vekslande vêr. Til Steinberdalen, var eg aleine i bussen. Derifrå var det nokre få andre passasjerar, men langt frå fullt. I Flåm stoppa bussen på det som er kombinert cruisbåthavn og jernbanestasjon. Her var det grustjukt med folk. Norway in a nutshell stod det på turbussane. Desse stakars turistane fekk garantert ikkje oppleve stillheita, og det å ha fjellet for seg sjølv.
I Gudvangen var det sol, men ein kald vind. Bilferja til Kaupanger og Lærdal, var villig til å setje meg av på Frønningen. Men fyrst fekk eg eit fjordcruise ut Nærøyfjorden. Etter at ferja kom ut i Aurlandsfjorden og landskapet vida seg ut, byrja eg å bli rastlaus. Ein av dei fyrste utfordringane eg hadde sett meg ut på kartet, var vadinga av elva ved nedsta Storebotnvatnet. Det viste ein stig på kartet, men denne såg det ut som kryssa ute i sjølve vatnet. Eg såg for meg at det låg ein båt på andre sida. Eg prøvde å vurdere kor stor Kolarselvi var der ho styrta i fjorden nedst i Djupedalen. Synet frå ferja, hjalp meg ikkje til at eg følte meg tryggare. Men det som er mykje vatn ved sjøen, kan godt vera vadbart i 950meters høgde.
10 minutt på 2 kunna eg hoppe i land på Frønningen. Ferja fortsatte umiddelbart vidare medan turistane på dekk vinka til meg. Endeleg var eg aleine. Ettersom eg ikkje hadde anna enn motbakkar i vente dei neste timane, kunne eg trygt leggje jakka i sekken. Frå ferjekaia gjekk eg til Sagi. Derifrå gjekk eg på ein bratt, attgrodd traktorveg opp til Nyborg. Heldigvis var det ikkje vorte varmare i vêret. Vidare fulgte eg bilveg like opp til skoggrensa. Heile vegen var det bra med modne blåbær. Rett før eg nådde skoggrensa, møtte eg ein bil. Dette var det einaste eg såg av folk på heile Frønningen. Frå skoggrensa fulgte eg ein utvaska traktorslepe som fulgte høgspentlinja. Skodda låg i toppane, men eg hadde ingen grunn til å klage for temperaturen var høveleg, og det var ikkje teikn til regn.
5 timar etter at eg forlot ferjekaia, nådde eg omlag 1030meters høgde vest for Middagsnosi. Herifrå bar det nedover att til nedsta Storebotnvatnet. Vadet som etter kartet såg ut til å liggje ute i sjølve vatnet, viste seg å vera i eit breidt og godt steinsatt os. Synet av ei lita bru litt lenger nede, gjorde derimot at eg ikkje trang bruke vadet. På sørsida av vatnet, har Aurland fjellstyre ei åpen hytte. Sjølv bar eg med meg telt, og fortsatte nokre få hundre meter forbi hytta, før eg slo leir.