Neste: 2.18.1 Ein hard start
Opp: 2. Eigne turar i
Forrige: 2.17.4 Heimatt
Årets påsketur var planlagt i lengre tid. Faktis over eit år. Planen var å gå frå Finndalen i Aurland og heimatt til Leveld. Året før hadde eg gjort eit forsøk på same turen, men eg måtte snu ettersom vêret ikkje var samarbeidsvillig. No hadde det vore finvêr ei heil veke, og vêrmeldinga for palmehelga var lovande. Seinare skulle det verte noko vind, kanskje kuling, og overskya måndag. Med desse utsiktene hadde eg bestemt at eg skulle rangle rundt i grensetraktene mellom Aurland og Lærdal laurdag og deler av sundagen. For å ha kontroll med vêret, var planen at eg skulle kome meg ned i Fødalen i løpet av sundagen, slik at eg kunne seie meg ferdig med det høgaste høgfjellsterrenget før vinden vart for kraftig. Etter denne planen, skulle eg vera heime i Leveld måndag eller seinast tyrsdag.