Neste: 2. Eigne turar i
Opp: 1.2 Dyrelivet
Forrige: 1.2.3 Villrein (Rangifer tarandus)
Det siste hundreåret har ikkje ulven vore nokon fast innbuar i Nordfjella, men som følge av oppblomstringa av ulv på austlandet dei siste åra, har det vorte observert streifulv og ulvespor i området med ujevne mellomrom. Sjølv såg eg ein ulv i Fiskeløkhovda 30. desember 2000, det var eit dyr som var på trekk med kompasskurs omlag 10° aust for nord. Eg kunne følgje sporet omlag 3km etter denne linja med augene. Ulv i Nordfjella er likevel eit sjeldan fenomen i og med at dei fast etablerte ulveflokkane på austlandet held seg langt unna.