Litt om meg sjølv

Eg vart født rett før påske det herrens år 1974 (eg må innrømme at eg ikkje hugsar dette så godt sjølv, men har har vorte fortald det av andre). Etter den tid har skigåing og høgfjell vore ein viktig del av livet mitt, gjerne med overnatting i telt. Det som ikkje er over tregrensa er mindre interessant!

Andre fritidsinteresser eg har er foto, torader.

Av utdanning er eg sivilingeniør i kjemi, men eg har aldri praktisert dette yrket. Etter halvannan år som snikkar byrja eg derfor å studere att, denne gongen 2 år med informasjonsteknologi og økonomi. Etter dette fortsatte eg med enda eit år, denne gongen med informasjonsteknologi og GIS. Etter enda ein kortare periode som snikkar, fekk eit vikariat som IT-konsulent i Hol kommune. Etter dette vikariatet var eg så heldig at eg vart engasjert som geodataingeniør i same kommune.

Dersom du vil ta kontakt med meg, kan du sende e-post.


Valid CSS! Valid HTML 4.01! ©Asle Feten (Heimeside) (e-post)
Last modified: "2009-03-02 15:33:23 CET"