Neste: 2.1 Kamera Opp: Fotografering Forrige: 1.2.8 Storleik

Fotografering

2. Utstyr

Her kjem eg til å skrive litt laust og fast om valg av utstyr og kanskje litt om bruk av dette. Til ein viss grad, tek eg utgangspunkt i det utstyret eg har sjølv, ettersom det er dette eg sjølv har kome fram til at er det beste til mitt bruk. For andre kan det vera naturleg å velgja ulikt frå meg. Skal ein ha litt omfattande fotoutstyr, vert det fort så dyrt at alt må vera nøye vurdert, derfor skal eg prøve å argumentere for kvifor eg har valt som eg har. Slik håpar eg at det skal vera mogleg for andre å ta stilling til kor dei bør velgje som meg, og kor dei bør velgje andre løysingar. Dei gongene eg refererer til bestemte modellar av bestemte merker, treng ikkje dette merket vera betre enn ein anna, men det er fordi eg kjenner dette merket sine modellar betre enn andre merker. Grunnen til valget mitt, kan vera at eg har fått tak i akkurat denne modellen brukt til ein rimeleg pris, eller kanskje modellen passar saman med eit eller anna spesielt av heilt anna slag, som eg har frå før, eller har planlagt å skaffe seinare. Dersom andre merker har tilsvarande modellar, kan desse vera like gode, eller kanskje betre.




Neste: 2.1 Kamera Opp: Fotografering Forrige: 1.2.8 Storleik
Valid CSS! Valid HTML 4.01! ©Asle Feten (Heimeside) (e-post) (galleriet)
2009-03-05