Neste: 2.5.1 Nærlinse
Opp: 2. Utstyr
Forrige: 2.4 Stativ
Nærfotografering er eit eige tema innan fotografering. Vanleg nærgrense for dei fleste objektiva er omlag 10×f, det vil seie at avbildinga vert i ein målestokk omlag 1:8, motivet er altså omlag 8 gonger større enn biletet på filmen. Det er bare starten på nærfotografering.
Linseformelen frå [*] kan skrivast om slik at ein får målestokken a/b.
For å kunne få større målestokk, må ein auke a slik at b minkar, eller ein må redusere f for med det redusere b. Det fyrste vil seie at ein må setje noko i mellom kameraet og objektivet, mellomringar,2.5.3, eller ein belg, 2.5.4, eller bruke eit makroobjektiv som er konstruert med ei lengre fokuseringsnekke, 2.5.2. For å redusere brennvidda, kan ein setje ei konveks linse frammom objektivet, ei nærlinse, 2.5.1. Etter akkurat same prinsippet som langsynte brukar konvekse lesebriller.