Neste: 2.5 Nærfotoutstyr Opp: 2. Utstyr Forrige: 2.3 Blitz

Fotografering


2.4 Stativ

Stativ vert brukt for at kameraet skal stå støtt og slik gje skarpare bilete. Eit tradisjonelt stativ er satt saman av 3 teleskopføtter som møtast under hovudet. Kor høgt stativet skal vera vert eit spørsmål om kompromiss. Eit høgt stativ vil også vera stort og tungt samanpakka. Dersom kravet er at ein kan fotografere ståande, må stativet vera så høgt at søkaren på kameraet kjem i augehøgde, det vil seie at sjølve stativet ikkje treng vera så høgt. Stativet vert meir ustødigt etter kvart som ein gjer det høgare, så det er alltid ein fordel å ha det så lågt som mogleg. Midtsøyla er i alle fall så ustødig at ho ikkje må brukast anna enn i unntakstilfelle.

Nokre stativ er konstruert slik at dei kan gå ned i spagaten for å kunne brukast ved meir bakkenær fotografering. Men med tanke på at sjølve toppen av stativet og hovudet tek litt plass, vert kameraet likevel gjerne 20-30cm over bakken, slik at nytten ved virkeleg nærfotografering vert heller tvilsam. Ein annan ting å hugse på er at ein ikkje kan bruke vidvinkel med meir enn 60° horisontalvinkel, altså vidare enn 35mm brennvidde med småbilete og breiddeformat, for at stativføttene ikkje skal koma med på biletet.

Hovudet kan vera 3-vegs panoramahovud eller kulehovud. Kva ein vel av dei to slaga, er ein smaksak. Sjølv har eg eit panoramahovud eg er godt fornøgd med. Dersom eg kjøper meg kulehovud, så er det for å kunne setje saman eit lettare stativ til turbruk.

Viktig ved valg av stativ og hovud, er alltid å velgje kraftig nok til å halde fotoutstyret i ro. Det vil som oftast seie eit stativ og eit hovud som er litt tyngre enn det ryggen anbefalar, og litt dyrare enn det lommeboka meinar, slik er det bare! Men så skal ein hugse at det er stativet som skal halde kameraet i ro slik at bileta vert så skarpe som objektiva er laga for. Ei trøyst for den som skal på telttur til fjells og gjerne vil spara flest mogleg kilogram, er at mor Noreg er meir stødig enn sjølv det dyraste og tyngste stativet. Ved å leggje kameraet rett på fjellet, eller ein stein, er det som oftast ikkje problem å få det stødig nok, derimot vert det litt meir omstendeleg å justere retninga. Eg har teke med meg stativet på telttur ein gong, men det var eit heilt spesielt oppdrag, til vanleg satsar eg på rett-på-fjellet-metoden.

Eit enklare alternativ til eit ordentleg stativ, er eit eittbeinstativ, altså ein lang stav som er festa til kameraet. Eittbeinstativet held ikkje kameraet i ro, men kan vera ei verdifull støtte i tilfeller der det ikkje lar seg gjera å bruke det ordentlege stativet.


Neste: 2.5 Nærfotoutstyr Opp: 2. Utstyr Forrige: 2.3 Blitz
Valid CSS! Valid HTML 4.01! ©Asle Feten (Heimeside) (e-post) (galleriet)
2009-03-05