Neste: 2.4 Stativ Opp: 2. Utstyr Forrige: 2.2 Objektiv

Fotografering


2.3 Blitz

Blitz vert brukt for å få meir lys der det er for lite av dette. Det kan vera nyttig når det er mørkt, for å unngå lange lukkartider, anten for at motivet er i rørsle eller fordi ein ikkje har stativ til å halde kameraet i ro. Eit anna tilfelle der blitz er nyttig, er for å gjera skuggar litt lysare i solskin, det som vert kalla utfyllingsblitz. Dei to tilfella har litt ulike krav til utstyret, utan at det utelukkar at ein kan bruke det same utstyret i begge tilfella.

Blitzen gjev eit kort lysglimt. Varigheita på lysglimtet kan variere frå 1/25000s til 1/300s2.1 for moderne elektronblitzar. For gamaldagse eingongsblitzpærer vara lysglimtet lenger, men desse er ikkje vanleg i bruk no til dags.

Ved bruk av blitz, vert fyrst lukkaren åpna, så vert blitzen avfyra før lukkaren vert stengd att. For at heile biletet skal verta opplyst av blitzen, må spaltelukkaren vera heilt åpen når blitzen lyser. Det vil seie at den fyrste gardina må vera komen heilt fram, medan den andre gardina ikkje kan ha starta. Ettersom dette ikkje er tilfelle for dei stuttaste lukkartidene, kan ikkje desse brukast. Den kortaste lukkartida som kan brukast er den tida som vert kalla kortaste blitzsynkroniseringstida. På dei raskaste lukkarane er denne tida 1/250s, men på mange billegare kamerahus er denne tida 1/125s eller endå lengre. Ved bruk av blitz som hovudlyskilde, er det av lita betydning kor lang denne tida er. Ved bruk av utfyllingsblitz kan det derimot vera av stor betydning at denne tida er kortast mogleg.

Blitzstyrke vert oppgjeve i det som vert kalla ledetal. Og dette talet er definert ved produktet av blendartal og tilhøyrande rekkjevidde ved ein gjeve filmfølsomheit. Ein får då eit lengdemål, som vanlegvis er i meter, men ver klar over at det i enkelte land kan vera vanleg å bruke fot2.2. For å kunne samanlikne er det sjølvsagt viktig at ein har ledetal for same filmfølsomheit, og det er derfor vanleg at ledetalet vert oppgjeve ved iso1002.3. Vidare er det litt ulikt korleis ulike produsentar oppgjev ledetalet. Mange blitzar har variabel reflektor slik at spreiinga av blitzlyset kan varierast avhengig av kva brennvidde objektivet på kameraet har. Dette vil også påverke ledetalet. Ved å samle lyset for å passast til biletvinkelen til eit teleobjektiv, vert også ledetalet større. Dette vert gjerne brukt i markedsføringa, ved å kunne oppgje eit stort ledetal. Andre produsentar gjev gjerne opp ledetalet med reflektoren innstilt for bruk med normalobjektiv, 50mm for småbilete, eller for bruk med ein moderat vidvinkel som 35mm for småbilete. Dette er viktig å finne ut av ved samanlikning av blitzar frå ulike produsentar.

Ettersom det har vorte vanleg med innebygd blitz i mange kamerahus, er det mange som trur at dei ikkje har bruk for meir blitz, og for bruk av blitz som hovudlyskilde, greier mange seg med ein slik liten blitz med ledetal omlag 12m ved iso100, noko som gjev rekkjevidde på 2m ved blendar f/5,6. Ved blendar f/2,8 eller iso400 vert rekkjevidda det dobbelte. For indirekte blitz, når blitzlyset går via taket, vert dette likevel ikkje kraftig nok, men så er heller ikkje desse blitzane laga slik at det går å rette dei i taket. Så til indirekte blitz må ein likevel ha ein ekstra blitz. Til utfyllingsblitz i solskin vert også reknestykket litt arelein, og slike små blitzar vert altfor svake.

Ved bruk av utfyllingsblitz i solskin må ein setje spesielle krav til stuttaste blitzsynkroniseringstida til lukkaren i kamerahuset og til styrken på blitzen, for no skal blitzlyset avpassast til det eksisterande lyset. For å redusere delen av eksisterande lys må ein ha stutt lukkartid, og for å auke delen av blitzlyset må ein ha stort ledetal. Vanleg blendar ved klart solskin og lukkartid på 1/125s og iso100 er f/16, det gjev rekkjevidde på inntil 75cm med ledetal 12m. Ein kan med fordel undereksponere blitzlyset eit trinn. Ein kan dermed få rekkjevidde på 1m med den innebygde blitzen, dersom denne har ledetal 12m ved iso100. Å bytte til ein raskare film for å få større ledetal, gjer ingen skilnad, ettersom det bare gjer at ein må bruke tilsvarande mindre blendar. Ved å bruke ein lukkar som tillet blitzsynkroniseringstid på 1/250s, kan ein bruke eit trinn større blendar, som vil auke rekkjevidda på blitzen 1,4 gonger. Ved å bruke ein blitz med dobbelt så stort ledetal ved same filmfølsomheit, vert rekkjevidda dobbelt så lang. Så ved bruk av stavblitzen min med ledetal 45m ved iso100, lukkartid på 1/250s og eit trinn undereksponering på blitzen ved same lysforhald som over, gjev rekkjevidde på 5,7 meter, og det kan fort trengast utandørs.

Ved valg av blitz, er det derfor viktig å vera bevisst kva ein skal bruke han til. Kva styrke ein då treng, er enkel matematikk. Men det er også andre finessar ein må vurdere. Dersom ein vil bruke indirekte blitz, noko som gjev mykje mjukare lys, må blitzen vera laga slik at reflektoren kan vippast opp og svingast til side. Det siste er naudsynt dersom ein vil sende blitzlyset i taket når ein fotograferar i høgdeformat. Ein ekstra reflektor som sender litt lys direkte mot motivet, kan også vera kjekt ved bruk av indirekte blitz. Dersom kamerahuset har moglegheit for TTL2.4 lysmåling med blitz, må blitzen også vera tilpassa dette for at automatikken i kamerahuset kan brukast. Alternativet er å bruke automatikken i blitzen. Ved bruk av automatikken i blitzen, er det ein fordel om blitzen er utstyrt med mange arbeidsblendarar. Ein må i alle fall ha moglegheit til å bruke største blendar til det aktuelle objektivet med den lysfølsomheita ein brukar på filen. Dersom ein kan bruke same blendar med ein raskare film òg, har ein moglegheit til å få betre rekkjevidde ved å bruke raskare film, utan at dette går utover automatikken. Dersom dette ikkje let seg gjera, må ein blende tilsvarande ned ved valg av raskare film, slik at rekkjevidda vert den same. Alternativet til å auke rekkjevidda i det tilfellet er å bruke blitzen manuelt, men det er ein usikker metode dersom ein ikkje har moglegheit til å kontrollmåle at blitzen ytar det produsenten har lova. Dersom ein faktis har tenkt å bruke blitzen manuelt, bør blitzen ha moglegheit for manuell justering av lysstyrka, ellers er einaste moglegheit for å justere eksponeringa, å bruke blendaren og avstanden mellom blitzen og motivet. Ein siste ting å ta hensyn til er kor langt frå objektivet blitzen vil verta. Jo større denne avstanden er, jo mindre fare vert det for raude auge på portrett. Det siste er også ein av dei store ulempene med den innebygde blitzen.


Neste: 2.4 Stativ Opp: 2. Utstyr Forrige: 2.2 Objektiv
Valid CSS! Valid HTML 4.01! ©Asle Feten (Heimeside) (e-post) (galleriet)
2009-03-05