Neste: 2.2 Objektiv Opp: 2.1 Kamera Forrige: 2.1 Kamera

Fotografering


2.1.1 Lukkaren

Lukkaren i kameraet er der for å regulere lysmengden som når filmen. Det er i hovudsak to typer lukkarar som vert brukt, spaltelukkar og sentrallukkar. For spegelreflekskamera for 35mm film, er spaltelukkaren mest vanleg, derfor skal eg ikkje skrive så mykje om sentrallukkaren. Spaltelukkaren fungerer ved at to lukkargardiner vert ført forbi filmen. Den fyrste gardina dekkjer filmen før opptaket. Når ein trykker på knappen, åpnar den fyrste gardina. Den andre gardina lukker åpningen att. Eksponeringstida er tida mellom fyrste og andre lukkergardin.



Valid CSS! Valid HTML 4.01! ©Asle Feten (Heimeside) (e-post) (galleriet)
2009-03-05