Neste: 2.1.1 Lukkaren
Opp: 2. Utstyr
Forrige: 2. Utstyr
Kameraet er sjølve hjertet i fotoutrustningen, og dersom ein vel eit kompaktkamera, er det alt som skal til for å ta fatt på fotograferinga. Med eit systemkamera, er sjølve kameraet bare ein firkanta boks med filmen i eine enden og feste for objektivet i andre enden. Så er det gjerne eit system for å betrakte korleis biletet vil sjå ut, ein søkar, og ein mekanisme for å sleppe lyset fram til filmen når ein skal ta biletet, ein lukkar. For enkelte kamerasystem, er lukkaren plassert i objektivet.
Her skal eg ta for meg det einøygde spegelreflekskameraet for vanleg 35mm film, og tilsvarande digitalt kamera.