Neste: 1.1.1 Brennvidde Opp: 1. Det tekniske grunnlaget Forrige: 1. Det tekniske grunnlaget

Fotografering


1.1 Enkle optiske prinsipp

Det fyrste prinsippet for å projisere eit bilete, vart beskrive av Aristoteles (384-322f.K.) og er seinare vorte kjent som camera obscura. Prinsippet kan enkelt prøvast ut i eit mørkt rom med eit lite1.1 hòl i veggen og eit papirark 15cm frå hòlet. Då vil det vise seg eit bilete på arket av omgjevnaden utanfor rommet, riktignok spegelvendt, opp-ned og uskarpt. Sjølv fekk eg demonstrert fenomenet som småfant. Eg stod i botnen av ein silo ein dag med sol og nokre små, drivande skyer. Hòlet var eit gamalt spikerhòl i bølgjeblekktaket, og sola og skyene vart avbilda på siloveggen.

Den optiske linsa vart brukt for å hjelpe mot dårleg syn. Ved å setje ei slik linse inn på plassen til det gamle hòlet, vert biletet straks mykje skarpare. Dette er grunnlaget for å skapa eit skarpt bilete på filmen1.2 i kamera. Ved valg av optikk, er det to storleikar som er lett tilgjengeleg. Brennvidde og blendar.





Valid CSS! Valid HTML 4.01! ©Asle Feten (Heimeside) (e-post) (galleriet)
2009-03-05